Fjord Invest

Sammen skaper vi vekst og utvikling i lokale bedrifter.

Gjennom nettverket Fjord Invest ønskjer vi å koble spanande investeringsmoglegheiter i lokalt næringsliv med engasjerte investorar. Fjord kommune står bak initiativet.

Mange verksemder har interessante planer for vekst og utvikling. Samstundes treng dei kapital for å gjennomføre planene. Gjennom nettverket Fjord Invest kan verksemdene få hjelp til å raffinere planene sine, og investorane i nettverket vil få tilgang til aktuelle investeringscase.

Fjord-invest.no er ein digital portal og møteplass mellom verksemd og investor. Gjennom verkemiddelapparatet i Fjord kommune får verksemdene moglegheit til å legge ut investorpresentasjoner i denne portalen, medan investorane som deltek i nettverket Fjord Invest får tilgang til desse presentasjonene.

Verksemd og investor må passe saman. Fjord-invest.no er eit første treffpunkt som gir grunnlag for at investor og verksemd kan gå i vidare dialog om investeringsmoglegheitene.

Dersom du er investor eller representerer ei verksemd som ønskjer å nytte Fjord-invest.no kan du ta kontakt med Fjordhagen for meir informasjon.